Fakta om Stordal

 
  I Stordal kommune er talet på innbyggjarar 1028.
  -

Dagens fakta

Nyheiter frå NRK Møre og Romsdal

   
Publisert 26.08.2016
Møtebok

Det vert halde formannskapsmøte på kommunehuset onsdag 31. august 2016.
Møtetidspunkt:  kl.17.00.

Saksdokumenta kan du lese her

Publisert 24.08.2016
Langsæterdagane 2014

Komande helg er det endeleg klart for det populære arrangementet kalla Langsæterdagane. Dette går over to dagar og som namnet seier, skjer det heile på Langsætrane. På laurdagen er det stølsdag og då med base på Kvitlane, medan det er på Pusken det skjer på søndagen.

Publisert 24.08.2016
Logo NAV Storfjorden

NAV kontoret i Stordal er stengt fredag 26. august 2016.

Ved behov kan ein henvende seg til publikumsmottak i Ørskog (onsdag + fredag 10:00 - 15:00) eller Skodje (måndag, onsdag og fredag kl 10:00 - 15:00)

Ein kan også kontakte NAV på tlf 55 55 33 33.


Publisert 23.08.2016
Turveg mellom Overøye og Almås

Søndag 28. august skal det vere offisiell opning av den nye turvegen mellom Overøye og Almås. Det er Stordal kommune - i samarbeid med Stordal Fjellservice (SIL)- som inviterer.

Publisert 23.08.2016
Storlihornet, Jolbotn og Kleiva

Den tradisjonsrike Dalaskratten, går av stabelen i Tresfjord, fredag 9. og laurdag 10. september. Det er også blitt ein tradisjon at det vert arrangert fjelltur frå Langsætrane, over Kleiva og til Tresfjord i høve arrangementet.

Publisert 23.08.2016
Skattejakt 2016 - kart

Skattejakta under årets supersommar er no avslutta og blant alle innsendte løysingsord, har vi no trekt ut vinnarane.

Publisert 22.08.2016
Hakkebakkeskogen

Torsdag 1. september kl 18.00 inviterer vi til eventyrleg vandring i Grigås natursti! Denne gongen vil vi få møte figurar frå Thorbjørn Egner si forteljing om Hakkebakkeskogen.

Publisert 18.08.2016
Integreringskonferansen 2016

Tysdag 27. september blir det arrangert Integreringskonferanse i Storfjord kulturhus på Stranda. Målgruppa for konferansen er tilsette i kommunane, politikarar, ungdomsråd, lag og organisasjonar, samt det lokale næringsliv. 

Publisert 17.08.2016
Siv Krokfoss

Frå og med måndag 1. august er vår nye medarbeidar på servicekontoret Siv Krokfoss på plass.

Ho har lang erfaring frå kundebehandling og service i Oslo og har etter 27 år på austlandet flytta attende til heimbygda Sjøholt. I lag med familien er ho aktiv i langrennsporten og friluftsliv og likar å være til stades der det skjer.

Publisert 10.08.2016
Bilde Sandfjellet

Friluftsrådet kan igjen presentere eit nytt Naturlos-program. Her finn du oversikt over ei rad ulike turar og arrangement i friluftsrådet sine medlemskommunar for hausten 2016.

   

Søk

 

Kontakt oss

Stordal kommune Besøksadr.: Stordalsvegen 550 Postadr.: Kommunehuset
6250 Stordal
E-post : postmottak@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279100

Beredskap
: Sjå venstre meny

Skriftstørrelse

Normal skriftstørrelse Større skriftstørrelse Størst skriftstørrelse

Snarveier

  • Utskriftsvennlig versjon SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Galleri

Fotograf: Liv Gunvor Hove Midtbust
Småbåthamna
Liv Gunvor Hove Midtbust
Stordal bibliotek
Levert av ACOS AS